Ordførar Bengt Solheim-Olsen tok seg ein bedriftsrunde onsdag. Ida Lillefosse og Jan Henrik Nygård i Norblikk tek eit løft for miljøet.

Fekk Miljøfyrtårn med ei innlagt overrasking

Norblikk er blitt Miljøfyrtårn-sertifisert, og det vart ei feiring som ein av medarbeidarane kjem til å hugse ekstra godt.

Publisert Sist oppdatert

Nyelg var heile staben hos Norblikk samla for eit avbrekk med kake og ordførarbesøk. Det vart overrekking av skiltet som symboliserer at her tek dei miljøomsyn. 

Men dagleg leiar Jan Henrik Nygård hadde ei overrasking på lur. Dzevad Omerovic har jobba i det tradisjonsrike florøfirmaet i 25 år, noko som fortener ekstra merksemd.

Lang og tru teneste

Det blei diplom og medalje for lang og tru teneste. Norges Vel si medalje gjekk til ein som har lagt ned ekstra innsats i bedrifta.

– No blei eg skikkeleg overraska, så dette var kjekt. Vi er jo nesten blitt som ein familie, når vi har jobba så lenge saman, smiler Dzevad og nikkar til sjefen sin.

Dzevad har vore firmaet sin mann på Westcon i 23 år. Hjørnesteinsbedrifta ligg nokre hundre meter lenger aust, og er og har vore ein viktig kunde for Norblikk.

Det handlar om ventilasjonsanlegg og arbeid med tak og fasader. Standard- og spesialprodukt i ulike metall.

Ordførar Bengt Solheim-Olsen overraska Dzevad Omerovic hos Norblikk med medalje og diplom.

Avgjerande med stabil arbeidskraft

– Vi er gode vener også på privaten. Heilt frå første dag vart eg teken godt i mot, og mor til Jan Henrik, som også jobba her den gongen, vart nesten som ei mor for meg. Ho saknar eg.

På dei store tankskipa som vart bygde på verftet, jobba dei blant anna med montering av omfattande ventilasjonsanlegg og då vart det oppskalering av arbeidsstyrke.

– Det er viktig for oss å få behalde dei tilsette lengst mogleg og Dzevad er eit døme på kor avgjerande det er med stabil arbeidskraft, forklarer Nygård.

Vart medeigar i bedrifta

Ho som tok imot plaketten som viser at dei no er ei Miljøfyrtårn-bedrift er Ida Lillefosse. Ho er blitt medeigar i det tradisjonsrike florøfirmaet og fekk gratulasjonar frå ordførar Bengt Solheim-Olsen.

– Mange bedrifter er blitt Miljøfyrtårn, og vi vil ikkje vere noko dårlegare. Det er viktig å ha skikkelege rutinar i bedrifta rundt det å vere miljøbevisst, og no har vi det på plass. Alle må jobbe saman og det trur eg vi skal greie heilt fint, forklarer Lillefosse, som i haust fekk eit nytt fjes med på laget.

Heidi Nygård sikrar seg dokumentasjon for minneboka.
Powered by Labrador CMS