Nyheter

Fra venstre: Trond Mohn, Frode Fjeldstad, dagleg leiar i Agenda Vestlandet, Terje Bøe, CEO i Spilka, Lars Erik Vinje, dagleg leiar i Spilka Building Solutions og Laila Gjerdsbakk, leiar for marknad og kommunikasjon i Spilka.

Spilka kåret til Vestlandets mest handlekraftige bedrift

Ålesundsbedrifta Spilka vart vinnaren av Handlekraftprisen 2023. – Vinnaren har demonstrert ei imponerande handlekraft og steike gode fasadeplater. Det sa Trond Mohn då han delte ut prisen på vegne av Agenda Vestlandet.

Publisert

Under Vestlandskonferansen tysdag vart vinnaren av Handlekraftprisen 2023 kåra. Etter at over 7000 publikumstemmer var talde opp, var det tydeleg at vestlendingane meinte Ålesundsbedrifta Spilka fortener den gjeve tittelen «Vestlandet si mest handlekraftige bedrift».

– Dette er en tildeling vi set utruleg stor pris på! Prisen gir oss både inspirasjon og motivasjon til å halde fram arbeidet vårt med å bringe meir innovasjon og berekraft inn i byggebransjen, seier Terje Bøe, administrerande direktør i Spilka.

Handlekraft på dagsorden

Handlekraftprisen er ein heilt ny pris som Agenda Vestlandet deler ut under Vestlandskonferansen. Nettopp handlekraft var tema for konferansen i år.

– Aldri før har verda trengt menneske med samlande, skapande handlekraft meir enn akkurat no, og aldri før har Vestlandet hatt meir å vinne på storskala samarbeid. Det er derfor vi set handlekraft på dagsorden, seier Siren Sundland, styreleiar i Agenda Vestlandet.

Sirkulære bygg

Spilka er kjent som leverandør av den unike snu- mekanismen på husmorvindauget, men sidan oppstarten for nitti år sidan har dei vore innom produksjon av alt frå dokkevogner til trehjulssyklar. No har de brukt ekspertisen sin på beslag til å utvikle eit system for å feste fasadeplater, og systemet vil vere med på å gjere byggebransjen meir berekraftig.

Byggebransjen er nemleg en stor kjelde til klimagassutslepp i Noreg, og målet er at ein i framtida skal kunne demontere og bruke element frå bygg om igjen, heller enn å rive dei. Både stålkomponentane og fasadeplatene i Spilka sitt fasadesystem kan brukast om igjen utan omarbeiding, noko som er i tråd med dette sirkulærprinsippet.

Frå preik til praksis

Frode Fjeldstad, dagleg leiar i Agenda Vestlandet er imponert over vinnaren si evne til å skape nye grøne produkt på veg inn i nullutsleppsamfunnet.

– Spilka er ei inspirerande suksesshistorie om ei bedrift med leiarar som har gått frå preik til praksis, seier han.

Powered by Labrador CMS