Sentral godkjenning er ei frivillig ordning frå Direktoratet for byggkvalitet (DiBK) som stadfestar at et føretak oppfyller krava satt i byggesaksforskrifta til fagleg kompetanse, kvalitetssikringsrutinar og at dei har betalt skattar og avgifter.
Overgangsordninga for Sentral godkjenning for ansvarsrett blei innført i 2016 og har blitt forlenga fleire gonger. Ordninga blei sist forlenga fram til 1. juli 2026, for å sikre føreseielege rammevilkår fram til nye reglar i plan- og bygningslovgivinga er på plass. Det blei den gongen varsla at ytterlegare forlenging ville bli vurdert om det var behov for det.
Overgangsordninga inneber at føretak som fekk Sentral godkjenning før 1. januar 2016, kan vere trygge på at tidlegare gitt godkjenning kan fornyast utan endringar. Ved søknad om endra godkjenningsområde eller tiltaksklasse må derimot kvalifikasjonskrava framleis oppfyllast fullt ut.
– Dersom ikkje overgangsordninga blei forlenga, kunne det ført til svekka kapasitet på område som er viktige for samfunnet. Dette kan vere prisdrivande, og verke inn på framdrifta i bygg- og anleggsprosjekt. Derfor meiner eg det er rett å forlenge overgangsordninga ytterlegare, seier kommunal- og distriktsminster Bjørnar Skjæran.
Om det ikkje er tatt ei avgjerd om endringar i plan- og bygningslovgivinga innan 2027, vil departementet vurdere overgangsordninga på nytt.